fredag 15. april 2011

Siste samling i DKL102

Ein kort liten "refleksjon" rundt DKL-studiet.

  • Travelt
  • Vanskeleg
  • Interessant
  • Veldig mykje nytt
  • Lærerikt 
Forstår det er berre å brette opp armane og ta utfordingane som kjem!


Her er resultatet av siste arbeidskrav.

Laga av Eirik, Benedicte, Stig og Åse


Informasjonskompetanse

Kva er informasjonskompetanse? Store Norske Leksikon definerer det som "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen".

På nettet finn vi eit hav av informasjon og det er ikkje enkelt for elevane å finne fram i dette havet/ jungelen av informasjon. Til skulearbeid/prosjektarbeid er det eit ubegrensa mangfald og ikkje enkelt i finne relevant og trygg informasjon. Det vert hevda at informasjonskompetanse grovt sett er å søke, kritisk vudere og kreativt utnytte informasjon (Bertnes, 2005:19). Bertnes meiner ein må ha tileigna seg visse kriterier for å vere ein informasjonskompetent person. Ein må med anna

  • innsjå eit behov for ny informasjon
  • vere klar over at korrekt og fullstendig informasjon er ein føresetnad for gode beslutnongar
  • identifisere moglege informasjonskilder
  • formulere hensiktmessige søkestrategiar
  • vurdere kritisk informasjon ein vel
  • gjere seg nytte av informasjonen kreativt
Oppveksande generasjon/mediegenerasjonen er kanskje ikkje alltid like kritisk til informasjonen som ligg tilgjengeleg. Når dei då får eit skulearbeid der dei har prosjektoppgåver og vert overlatne til seg sjølve, kan det gå "over stokk og stein". Med manglande kunnskapar hos lærarane, er dette bekymringsfullt. Forsking syner at dette er særleg gjeldande i grunnskulen. Dette må det gripast tak i og forskarar, m.a. Tord Høivik ved Avdeling for journalistikk og bibliotekfag ved Høgskolen i Oslo, har ei klar oppmoding om at ein må sørge for konkret trening og støtte til gode praktiske rutinar i læringsarbeidet. Lærarane må i større grad på bana og take del i læringsprosessen og legge forhold til rette for elevane. Ein må ikkje overlate elevane til seg sjølve i denne prosessen.

Noko eiga erfaring som lærar sit eg ikkje inne med når det dette temaet og elevane sin tileigning av informasjonkompetanse. Derimot kan eg kjenne igjen dette med at mine eigne born som skal ha skrive om eit gitt tema, ikkje har hatt noko form for opplæring/tilrettelegging. Eg har ikkje sett anna enn at dei kom fortvilande heim og lurte på kvar dei kunne finne informasjon om tema dei skulle skrive om. Ofte vart det klipp og lim ifrå Internett, ganske ukritisk, til det såg proft og flott ut.

Eit særs eigna verkty i læringsarbeidet med å gi elevane informasjonskompetanse, er å opprette eige informasjonsnav. Dette vart gjort i ei mappeoppgåve og her fekk eg verkeleg sjå moglegheitene for god læring og interessant læring. Ein arbeidsmetode som heilt sikkert motiverer elevane. Her får dei digitalkompetanse, jobbe med andre fag og lære seg å verte informasjonskompetente. Slik eg ser det kan ein starte med det enkle (lavare årstrinn) og legge til fleire faner og søkemotarar (korleis bruke søkemotarane på ein god måte). Dette er det informasjonsnavet eg etablerte i Nettvibes til ei tenkt 9. klasse i mi mappeoppgåve.

Nettvibes er ein gratis nettstad der ein kan legge til relevant informasjon. Alt som er viktig for den det gjeld. Det kan vere nyheiter/aviser, nyttige/interessante bloggar, nettstadar (Facebook) o.s.v.


___________________________________________________________

Erdal,Ivar John (2011): Informasjonskompetanse. Høgskulen i Volda:lasta ned som PDF i LMS


Digital arena

Ein mediegenerasjon
"Mediebruk inngår i mange ulike sosiale sammenhenger, både i fritid i familien og blant venner og i skolearbeidet" (Tønnesen, 2007:14). Med dette sitatet kan vi refletere over om mediebruken har særleg innverknad på born og unge. Kan det til dømes føre til meir vold, mobbing eller rett og slett gi auka læring? Det er gjort fleire undersøkingar og svara er ikkje eintydige, det er fleire ting som spelar inn. Stikkord kan her vere korleis teksta vert oppfatta. kva bilete eller film som vert synt, om det er skurk eller helt og kva kanal teksten vert formidla gjennom. Tønnesen viser til eksempel som om vi held oss oppdatert med nyheiter frå nett, TV eller aviser. Det er fleire ting som spelar inn.
Mediebruken til born og unge er det også særs vanskeleg å måle i dag. Dette fordi dei omgir seg til dagleg med ei mengd kombinasjonsmoglegheiter av medier. Via Internett kan dei med anna sjå TV, sjekke epost, vere på Facebook og chatte om ein nyttar mobiltelefon eller datamaskin. Dette mangfaldet av medielandskapet gjer det også særs vanskeleg å måle/undersøke kor mykje tid som vert nytta på medier. Ikkje er det heller godt å seie kva meining dei unge finn med sin mediebruk. Tønnesen grip fatt i denne problemstillinga og ser på kor vidt mediebruken er meingsstyrte aktivitetar, surfing på nett etter noko morosamt eller rein nyskjerrigheit. Samhandlinga mellom dei unge og mediane er med på å forme kva nytte ein får av denne bruken, om det er som einskild eller gruppe.
Gode rutinar og handlingar må jobbast med, og skulen/lærarane har ei særs viktig og forpliktande rolle i denne læringsprosessen.

I eit arbeidskrav hadde vi dette som fokus, korleis born og unge brukar digitale verky og sosiale medier for auka læring. Her produserte vi eit scenarie som syner korleis ein kan gjere seg nytte av ulike medier i ein læringssistuasjon. Her var det to tenkte klasser som oppretta kontakt gjennom sine heimesider og som var laga med Google Nettsider. Elevane får her nytte sin nyskjerringheit og auka sin kompetanse innan sosiale medier i eit varierande undervisningsopplegg med eit prosjekt som dette.

Sjølv med ein oppveksande mediegenerasjon, er det naudsynt med meir kunnskap og god rettleiing i bruk av digitalt verkty og sosiale medier i skulen. Dette er det kunnskapsminister Kristin Hallvorsen snakkar om når ho seier vi må ha ein kulare skule. Det betyr at vi må ta ibruk dei verkemidla vi har og som elevane kjenner seg att i. Det er igjen med på å gi dei meiningsfull læring og ei variert undervisning og som gir motivasjon for læring.

"Hovsethaugen"


Her har eg starta på ein informasjonsplakat tenkt plassert på Hovsethaugen. For ordensskyld vil eg nemne at Hovsethaugen er ein ynda stad å besøke både for barnehagar og skule på dei lågaste trinna. Men med lærarar som ikkje er kjende i området, vert ofte lokale stadar gitt nye namn og gjort historielause.
Dersom vi kan gjere denne arbeidsprosessen i ein læringssituasjon, vil elevane her jobbe med samansette tekstar, tileigne seg digitalkompetanse og lokalhistorie.
Eg har gjort meg nytte av Google Earth, jobba i Comic life og lagt til hensiktsmessig tekst. Her er fortsatt mykje redigeringsarbeid og tilleggsopplysningar som må gjerast. Med Geotagging, geografiske bildeplasseringar, gir dette bileta meirverdi og ein flott dokumentasjon.
Dette er spennande og kjekt verkty å jobbe med også for elevar (i deira digitale verd).

___________________________________________________________________________
kjelde: Tønnesen, Elise Seip (2007): Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge. Universitetsforlaget


onsdag 23. februar 2011

Comic Life

Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk (frå kompetansemåla i kunnskapsløftet).

I denne oppgåva har eg jobba med verktyet Comic Life, eit komplett verkty for tekstskaping i teikneseriesjangeren. Programvara er lisensiert med 30 dagars prøvetid. I skulesamanheng kan det vere nok for å kome igang og sjå om dette kan vere læringsfremjande. Ja, det er enkelt å kome i gang og oversiktleg bruk.

Kanskje nokon synest det å lage teikneserier ikkje har noko i skulesamanheng å gjere, men då vil eg minne om at leikprega aktiviteter er særs læringsfremjande berre det vert lagt tilrette for det, har klar målsetting og meingsberande. Her er også klart eit område å nå elevar som er lite motiverte for læring, ulike læringsvanskar, med andre ord her kan vi snakke om tilpassa opplæring.

Comic Life er introdusert som teikneseriesjanger, men kva er teikneserie? Det er vel her ikkje berre snakk om "Donal duck"? Vi kan vel snakke om å lage gode og meiningsfulle fagtekster, reklameserier, gode fortejingar og eventyr? Slik eg ser det er moglegheitene fleire og berre fantasien som set grenser. Elevane får utvikla sine kreative evner, faglege kunnskap og lese -og skrive kunnskapar. Dei får jobba med ulike fag/tverrfagleg som også er knytt opp mot klare læreplanmål. I naturfag til dømes, er to av kompetansemåla etter 7. årstrinn at eleven skal kunne -bruke digitale hjelpemidler og naturleg utstyr ved eksperimentelt arbeid og feltarbeid og -undersøke og beskrive blomsterplanter og forklare funksjonane til dei ulike plantedelane. Ser vi vidare på kompetansemåla i dei ulike faga, kan vi forsvare å gjere oss nytte av dette verktyet for å gi elevane ei god. vareiert og forsvarleg undervisning.

For å syne til kor enkelt det er å nytte programvara, viser eg til ei enkel bildeforteljing eg har laga, ovanfor her til høgre. Dette er berre ein smakebit av dei moglegheitene som ligg der.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
kjelde: Antvort, K og Sæterås, K.B: Sammensatte tekster. DKL våren 2011. Høgskulen i Volda
            Læreplanverket for kunnskapsløftet 2006



mandag 14. februar 2011

Tilpassa opplæring

I mitt forrige blogginnlegg var eg inne på bruken av IKT, Comic Life, som eit verkty for tilpassa opplæring. Denne programvara er eit av tiltaka ein kan gjere seg nytte av for å fremje læringa til elevar med ulike føresetnadar og kunnskapsnivå. Ta til dømes elevar med dårleg motorikk eller dysleksi som vil ha store vanskar med å skrive rett eller forståeleg godt nok. Her har dei moglegheitene til å lukkast både med å finne dei rette orda, vere systematiske og oppnå orden med "finskrift".

I praksis/jobb såg eg også at med prosjektarbeid og bruk av IKT der elevane jobba ilag og hjalp kvarandre, fikk læraren vurdere dei ulike elevane og sjå kva nivå dei var på og kva dei kunne strekke seg til (deira næraste utviklingssone). Dermed hadde læraren fått informasjon om kva tiltak han/ho skulle sette inn på den einskilde eleven.
Med andre ord, IKT kan nyttast både til observasjon av elevane sine kunnskapsnivå og eit verkty for å fremje læring til kvar og ein på sitt nivå.
_______________________________________________________________________
kjelde: Sæterås, Kristin Bakke (2011): Digitale verkty i tilpassa og spesielt tilrettelagt opplæring. Høgskulen i Volda.

onsdag 2. februar 2011

Tenkeverkty

I læring og pedagogisk arbeid har vi ofte behov for å sortere kunnskap. Spørsmålet er om vi skal fortsette å bruke papir og blyant eller ta i bruk elektroniske tankekart? Det skal ikkje vere så vankeleg å svare på det spørsmålet. I motsetnad til papir, vil vi ikkje ha med elektronisk tankekart noko avgrensing med hensyn til utgreiingsarbeid
Med Mindomo - eit elektronisk tankekart - er det lett å vere systematisk, ryddig og det er oversiktleg og lett å gjere endringar på. Tankekartet kan nyttast med anna til å ta notatar, idemyldring,`tekstskaping, visualisering (forklaring) og som kognitiv støtte (i undervisning). Her er eit tankekart i Mindoma eg har byrja på, på ingen måte ferdig, men som syner tankegangen og korleis ein kan jobbe med oppgåva.

kjelde:
Tenkeverktøy 1-DKL102 - Kjell Antvort - HVO våren 2011

lørdag 22. januar 2011

Sosial web

Av alle ulike nettsamfunn som finnast, har eg meldt meg inn i Facebook, Youtube og Del og Bruk. Andre å velje mellom kan eg nemne Twitter, MaSpace, blink og LinkedIn. 
Nettsamfunna eller også kalla sosiale medier/nettverkstjenester, vert av Brandtzæg og Luders definert som "medier som muliggjør brukerskapt innhold, samskaping og innholdsdeling i sosiale nettverk." (leksjon sosial web). 


Definisjonar høyres gjerne flott ut, men korleis vert verkeleg dei ulike aktivitatane i sosiale medier utført og kva med personvernet?


Dersom eg ser på personvernet fyrst, ser eg at både Facebook og Del og Bruk har innstillingar der ein kan velje kven som kan få tilgang til profilen og som gjer det tryggare for den einskilde og tek i større grad vare på deira personlege opplysningar. Youtube har ein funksjon der ein kan stenge for tilbakemeldingar/kommentarar og vising av videoar. Personvernet er den store utfordringa for nettsamfunna. Det er til dømes særs lett å legge ut bilete og film av andre utan godkjenning. I ein artikkel i Sunnmørsposten 22. januar i år, oppmoda her PP-rådgjevar Morten Jahren foreldre å vere merksame på borna sin bruk og kor viktig det er at foreldra har kontroll og kan vere med å lære borna kva køyrereglar som gjeld. Kjempeviktig at det vert sett fokus på dette for at både foreldre og born skal lære og forstå kva konsekvensar uvettug bruk kan ha for framtida.


Kva vert nettsamfunna nytta til?


I ein kartlegging av TNS Gallup, syner det seg at omlag halvparten av aktivitane er å leite etter informasjon om venner, sjekke andre sine profilar eller skrive meldingar eller kommentere. Det syner seg også at det er lav terskel for å legge inn kommentarar og innlegg som ikkje alltid er like passande. Det betyr at ein lett kan verte utsett for mobbing og lite kjekke meldingar. Ein kan då spørje seg om slike nettsamfunn kan ha noko for seg i skulesamanheng. Korleis kan skulen gjere seg nytte av nettsamfunn? Youtube og Del og Bruk er kanskje ikkje dei mest eigna media for å opprette klasseforum. Youtube gir moglegheiter for å kunne lage og dele videoar med omverda, til dømes med prosjektarbeid. Dette er heilt i elevane si verd og som kan motivere til fagleg utvikling og jobbe med oppgåver. Her finn elevane filmar etter ynskje og kan lett sjå instruksjonar og verte inspirerte av andre. Del og Bruk er eit diskusjonsforum for pedagogar. Her kan ein dele, auke og nytte si digitale kompetanse og dele erfaringar med andre lærarar. Det kan fungere som ein reiskap for læarar til nytte for elevane. Som på Facebook kan ein chatte med vener og andre medlemmer som har opne profilar. 


Facebook har særs mange medlemmer. Her kan ein vere på nettprat både offline og online. Det er lett å dele bilete/videoar og arrangement og opprette ulike grupper. Ein kan vel seie at omlag alle elevar, frå ungdomskulealder, er på facebook. Dette kan nok vere ei utfordring for skulen. Men er det ikkje då like greit å spela på lag med borna og opprette klasseforum? Eg vil tru elevane vil vere meir delaktige og lettare for ein lærar å nå fram med sine meldingar. Det kan vere eit forum for elevar der dei kan kome med forslag til aktivitatar i undervisninga. Slike forum kan også for ein del elevar vere eit gjennombrot for å seie si meining då det er mindre skummelt å ta del i diskusjonar her. Det er skriftleg og ein har god tid til å tenke seg om.


Korleis kan ein få god undervisning utan at elevane vert freista til å koble seg på nettet og ikkje gjere det dei skal? Dette med danning , korleis oppføre seg på nettet, er også ei utfordring og ein viktig jobb i skulen. Sonja Gangstad, avdelingsleiar ved Latinskulen i Ålesund, har i ein artikkel i Sunnmørsposten teke opp problemstillinga bruk av Facebook. Her seier ho noko om ukultur med bruken av facebook og korleis skulen har teke grep. Det interessante er å sjå at Facebook kan nyttast til faglege sider som også syner til viktige lenker som elevane kan jobbe med utanfor skuletida.


Å nytte ulike sosiale medier, som Facebook og Youtube, kan skape variasjon i undervisninga og purre nyskjerrigheita til elevane, som igjen kan gi inspirasjon og motivasjon for læring. 


Del og Bruk kan gi den same inspirasjonen for lærarane, gi nye idear til undervisningsopplegg, arbeidsoppgåver og temaer. Som vi var einige om i basisgruppa vår, bør vi som lærarar henge med i elevane sin kvardag og kva dei er interessert i. Ja for vil vi ikkje lettare nå dei då og få dei med å gi dei meirkunnskap?


Som ei øvingsoppgåve til denne lesjonen, har vi i hatt ei gruppe oppgåve der vi har teke føre oss tre nettsamfunn i ein gruppewiki. Her har vi samanlikna verkemiddel og funksjonar i dei tre nettsamfunna.