fredag 15. april 2011

Informasjonskompetanse

Kva er informasjonskompetanse? Store Norske Leksikon definerer det som "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen".

På nettet finn vi eit hav av informasjon og det er ikkje enkelt for elevane å finne fram i dette havet/ jungelen av informasjon. Til skulearbeid/prosjektarbeid er det eit ubegrensa mangfald og ikkje enkelt i finne relevant og trygg informasjon. Det vert hevda at informasjonskompetanse grovt sett er å søke, kritisk vudere og kreativt utnytte informasjon (Bertnes, 2005:19). Bertnes meiner ein må ha tileigna seg visse kriterier for å vere ein informasjonskompetent person. Ein må med anna

  • innsjå eit behov for ny informasjon
  • vere klar over at korrekt og fullstendig informasjon er ein føresetnad for gode beslutnongar
  • identifisere moglege informasjonskilder
  • formulere hensiktmessige søkestrategiar
  • vurdere kritisk informasjon ein vel
  • gjere seg nytte av informasjonen kreativt
Oppveksande generasjon/mediegenerasjonen er kanskje ikkje alltid like kritisk til informasjonen som ligg tilgjengeleg. Når dei då får eit skulearbeid der dei har prosjektoppgåver og vert overlatne til seg sjølve, kan det gå "over stokk og stein". Med manglande kunnskapar hos lærarane, er dette bekymringsfullt. Forsking syner at dette er særleg gjeldande i grunnskulen. Dette må det gripast tak i og forskarar, m.a. Tord Høivik ved Avdeling for journalistikk og bibliotekfag ved Høgskolen i Oslo, har ei klar oppmoding om at ein må sørge for konkret trening og støtte til gode praktiske rutinar i læringsarbeidet. Lærarane må i større grad på bana og take del i læringsprosessen og legge forhold til rette for elevane. Ein må ikkje overlate elevane til seg sjølve i denne prosessen.

Noko eiga erfaring som lærar sit eg ikkje inne med når det dette temaet og elevane sin tileigning av informasjonkompetanse. Derimot kan eg kjenne igjen dette med at mine eigne born som skal ha skrive om eit gitt tema, ikkje har hatt noko form for opplæring/tilrettelegging. Eg har ikkje sett anna enn at dei kom fortvilande heim og lurte på kvar dei kunne finne informasjon om tema dei skulle skrive om. Ofte vart det klipp og lim ifrå Internett, ganske ukritisk, til det såg proft og flott ut.

Eit særs eigna verkty i læringsarbeidet med å gi elevane informasjonskompetanse, er å opprette eige informasjonsnav. Dette vart gjort i ei mappeoppgåve og her fekk eg verkeleg sjå moglegheitene for god læring og interessant læring. Ein arbeidsmetode som heilt sikkert motiverer elevane. Her får dei digitalkompetanse, jobbe med andre fag og lære seg å verte informasjonskompetente. Slik eg ser det kan ein starte med det enkle (lavare årstrinn) og legge til fleire faner og søkemotarar (korleis bruke søkemotarane på ein god måte). Dette er det informasjonsnavet eg etablerte i Nettvibes til ei tenkt 9. klasse i mi mappeoppgåve.

Nettvibes er ein gratis nettstad der ein kan legge til relevant informasjon. Alt som er viktig for den det gjeld. Det kan vere nyheiter/aviser, nyttige/interessante bloggar, nettstadar (Facebook) o.s.v.


___________________________________________________________

Erdal,Ivar John (2011): Informasjonskompetanse. Høgskulen i Volda:lasta ned som PDF i LMS


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar