søndag 28. november 2010

Lyd

Lyd, eit spennande verkty å nytte for læring i skulen. Etter å ha gjort øvingsoppgåvene lagt ut på Fronter, ser eg muligheiter for at elevar kan verte inspirerte til læring på ein "ny" måte. Elevane som veks opp med IKT som ein natuleg del av kvardagen og får nytta dette verktyet, vil få ein motivasjon og inspirasjon til læring, ikkje minst i fag som norsk og musikk.Ifrå mi siste prasisperiode vart det også nytta lyd til elevar med lesevanskar. -Muligheitene er mange!

Rekneark

Mi erfaring og bruk av rekneart, er retta mot mi enkle bedrift der det vart nytta til til dømes vareopptelling, omsetningsoversikt og rekneskap (noko som er særs vanleg).
I skulesamanheng har eg lite erfaring med bruk av rekneark sjølv, og såg ikkje det vart brukt i noko fag. Kva årsaka var til det, er ikkje godt å seie, har ikkje diskutert det med nokon, men kanskje det kan ha noko med at eg har vore mykje på 2. og 3. trinn, men heller ikkje på 7. årstrinnet vart det nytta.
Ifrå mi eiga erfaring er det å kunne nytte rekneark eit særs godt og viktig verkty. Difor er det også viktig at elevane får kjennskap og muligheit til å lære seg dette, for seinare bruk i dagleglivet. Som det er bestemt, skal grunnskuleelevane lære seg dette og kan få oppgåver i matematikk, innan t.d. rekneskap, lage diagram og løyse funksjonar som skal løysast med rekneark.

onsdag 24. november 2010

Plagiat - Hensyn

I oppgåveskriving og skulearbeid er det nok for fleire freistande å plagiere andre, ta "lette" løysingar å klippe frå internett o.s.v. Sjølv om det fins metodar for å avsløre plagiering er ikkje alle like gode og mange Studentar/elevar er også flinke til å sjå muligheiter for å unngå å verte avslørte. Dette ser eg ikkje er lett... Kanskje vi i skulen må jobbe mykje med haldningar og konsekvensar det har for å verte tenkne i fusk?!

Fylgjande definisjon har eg ifrå høgskulen i Bergen:

Plagiat og fusk ved oppgaveskriving, eksamen og prøver
Definisjoner1
Plagiat:    Tyveri fra andre forfatteres eller kunstneres arbeid; utilbørlig bruk av en annens åndelige eiendom.
Plagiator: Person som stjeler stoff fra andre forfattere og utgir det som sitt eget.
Fusk:        Bedrag, juks, bløff, falsum, forfalskning, svindel.
Bruk av ulovlige hjelpemidler


Hensyn eller opphavsrett og personvern er vi no inne på også. Elevane må vite kva som er lov og korleis ein kan gjere seg nytte av informasjon ein til dømes finn på nettet. Her gjeld reglane både for tekst, bilde og lyd (musikk). Vel, det er nok ikke berre elevar som skal vite dette, kanskje det ikkje er alle lærarar som forheld seg korrekt til korleis dei tek bileter av borna i skuletida heller og formidlar desse (?).  Ikkje er det alltid så enkelt å sjå kva plikter ein har alle tider, er det lett å gløyme seg??

Døme: Ein journalist kjem til skulen å skal dekke ei sak. Det har han fått tillatelse til og tek bilte av fleire born i denne samanheng. Bileta kjem i avisa og her ser foreldre som ikkje har gitt samtykke til at barnet skal verte tatt bilete av , er avbilda. Kven har ansvaret, journalisten eller læraren/rektor?

Kjelder:
http://student.hib.no/eksamen/documents/Plagiatogfuskvedoppgaveskriving.pdflasta ned 24.11.2010, 18.22

 Antvort, K (2010) Hensyn. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

fredag 19. november 2010

Tankekart - fordelar og ulemper med digital/papir bruk

Korleis kan ein nytte digitale tankekart i skulen? I praksis fikk eg erfaring i bruk av smartboard og korleis ein kunne nytte t.d. tankekart. Det eg såg var at elevane var veldig  engasjert og fikk emne godt visualisert.
Tankekart kan ein nytte i alle alderstrinn, slik eg ser det, og med digital bruk er det lett å legge til bilde for å understreke ord og betydning.
Her har eg så vidt starta på eit tankekart.

søndag 14. november 2010

Til våre nye gode naboar!

Her har eg jobba med innflyttingskort til våre nye naboar, som har flytta inn i nytt hus! Bileta har eg redigert i Picasa og sett saman i ein fotomontasje, i rutemønster mosaikk.
Kjempekjekt - ej fe det til!!
Posted by Picasa

søndag 31. oktober 2010


Posted by Picasa

Redigering av bileter

Her har eg hatt eit avbrekk med mappeoppgåva mi og leika meg litt med bileta 
eg har jobba med.
 Det vart ein enkel kollasj. Det har vore ein kjekk og lærerik prosess,
 men tidkrevande :) oppgåva er levert!!!


Har jobba litt med øvingsoppgåve også - bilete av hunden "Pippi" - fin sant?
 På originalen var Pippi plassert midt på biletet, dette har eg redigert etter 
ei tredeling. Syns kanskje  motivert vart meir "spennande". Komposisjonen
 gir ei betre "forteljing"

tirsdag 19. oktober 2010

Hypertekstualitet - Hypertekstforteljing

Ei tekst seier ein er knytt til det å skrive. Tradisjonelt tenker vi då mest på bruk av blyant og papir for å uttrykke oss med ord og setningar. Men Kompetansemålet seier noko om kva teksttype elevane skal jobbe med og korleis teksttypane skal produserast. Etter 7. årstrinnet står det at elevane skal kunne "...bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av interaktive tekster.." (UFD, 2006).

Hypertekstualitet er ein måte å skape ein tekst på. I korte trekk går det ut på at elevar jobbar ilag med ei gitt tekst som er satt saman på ein ny måte. Her er peikarar som leiar eleven til ein ny stad i teksten, dette kan føre til at ein hamnar "på ville vegar". Peikarane kan både vere med på å utdjupe ei tekst, men også med på avsporing og og forstyrring på heilskapen.
Men for å sjå på kva nytte ein kan ha i undervisninga ser eg på ei hypertekstforteljing. Det betyr at elevane får ei skisse på ei forteljing (skjelettforteljing) som dei skal gjere ferdig. Her må elevane vere kreative, då forteljinga som dei går ut ifrå, er i grove trekk og utan detaljar. Elevane skal sjølve vere forfattarar og får utvida sitt ordforråd. Kanskje ikkje alle vil synest denne måten å skape tekst på er god, men for ein elev som ikkje har dei kreative evnene, som slit i faget og ikkje motivert er for læring, vil eg seie han her får ein god start. Eleven får gode "knaggar" til vidare skriving og bruk av digitalt verkty er for dei fleste elevar ein motivasjon for å jobbe med faget og fremjar læring.
Ein annan variant er at læraren lagar starten på ei historie og elevane fortsettelsen. Dette kan ein også gjere i gruppe og med det få auka sin sosiale kompetanse og også reflesjonar. Utfordinga er gjerne då at elevane jobbar ilag og ikkje slik at ein "tek over" og styrer heile arbeidet. Nei, her må ein kunne lære av kvarandre.

onsdag 6. oktober 2010

Øving gjer....

Har no streva meg gjennom ei øvingsoppgåve og starta med friskt mot mot fyrste mappeoppgåve, gruppearbeid. Vi har alt hatt to "møter" på skype. Ser at eg må bruke mykje tid berre til å orientere meg om kva oppgåva går ut på... og halde orden på alle passord og brukarnamn :) men går på med humøret på topp - for dette skal eg klare!!!
Då eg hadde litt startproblemer, fikk eg ikkje lagt inn øvingsoppgåva på bloggen som eg skulle. Seint, men godt, no er den her.

fredag 17. september 2010

Fyrste samling DKL101

Hei alle saman!

Endeleg er vi i gang og blitt presentert for kvarandre. Mange sit inne med mykje kunnskap på ulike felt og ser allereie eg dreg nytte av dette.
Ein av studentane her med god kompetanse innen data, er Simon Gjøen.

Simon er lærarstudent på andre året. Han har valt å bli lærar fordi det er eit spennande yrke og ynskjer å gi elevane god måloppnåing. Hans kunnskap innan data vil han bygge vidare på og bruke dette i jobben som lærar.


                                         Simon treng også litt mat... uten mat og drikke....