søndag 28. november 2010

Rekneark

Mi erfaring og bruk av rekneart, er retta mot mi enkle bedrift der det vart nytta til til dømes vareopptelling, omsetningsoversikt og rekneskap (noko som er særs vanleg).
I skulesamanheng har eg lite erfaring med bruk av rekneark sjølv, og såg ikkje det vart brukt i noko fag. Kva årsaka var til det, er ikkje godt å seie, har ikkje diskutert det med nokon, men kanskje det kan ha noko med at eg har vore mykje på 2. og 3. trinn, men heller ikkje på 7. årstrinnet vart det nytta.
Ifrå mi eiga erfaring er det å kunne nytte rekneark eit særs godt og viktig verkty. Difor er det også viktig at elevane får kjennskap og muligheit til å lære seg dette, for seinare bruk i dagleglivet. Som det er bestemt, skal grunnskuleelevane lære seg dette og kan få oppgåver i matematikk, innan t.d. rekneskap, lage diagram og løyse funksjonar som skal løysast med rekneark.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar