Ei tekst seier ein er knytt til det å skrive. Tradisjonelt tenker vi då mest på bruk av blyant og papir for å uttrykke oss med ord og setningar. Men Kompetansemålet seier noko om kva teksttype elevane skal jobbe med og korleis teksttypane skal produserast. Etter 7. årstrinnet står det at elevane skal kunne "...bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av interaktive tekster.." (UFD, 2006).
Hypertekstualitet er ein måte å skape ein tekst på. I korte trekk går det ut på at elevar jobbar ilag med ei gitt tekst som er satt saman på ein ny måte. Her er peikarar som leiar eleven til ein ny stad i teksten, dette kan føre til at ein hamnar "på ville vegar". Peikarane kan både vere med på å utdjupe ei tekst, men også med på avsporing og og forstyrring på heilskapen.
Men for å sjå på kva nytte ein kan ha i undervisninga ser eg på ei hypertekstforteljing. Det betyr at elevane får ei skisse på ei forteljing (skjelettforteljing) som dei skal gjere ferdig. Her må elevane vere kreative, då forteljinga som dei går ut ifrå, er i grove trekk og utan detaljar. Elevane skal sjølve vere forfattarar og får utvida sitt ordforråd. Kanskje ikkje alle vil synest denne måten å skape tekst på er god, men for ein elev som ikkje har dei kreative evnene, som slit i faget og ikkje motivert er for læring, vil eg seie han her får ein god start. Eleven får gode "knaggar" til vidare skriving og bruk av digitalt verkty er for dei fleste elevar ein motivasjon for å jobbe med faget og fremjar læring.
Ein annan variant er at læraren lagar starten på ei historie og elevane fortsettelsen. Dette kan ein også gjere i gruppe og med det få auka sin sosiale kompetanse og også reflesjonar. Utfordinga er gjerne då at elevane jobbar ilag og ikkje slik at ein "tek over" og styrer heile arbeidet. Nei, her må ein kunne lære av kvarandre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar