søndag 28. november 2010

Lyd

Lyd, eit spennande verkty å nytte for læring i skulen. Etter å ha gjort øvingsoppgåvene lagt ut på Fronter, ser eg muligheiter for at elevar kan verte inspirerte til læring på ein "ny" måte. Elevane som veks opp med IKT som ein natuleg del av kvardagen og får nytta dette verktyet, vil få ein motivasjon og inspirasjon til læring, ikkje minst i fag som norsk og musikk.Ifrå mi siste prasisperiode vart det også nytta lyd til elevar med lesevanskar. -Muligheitene er mange!

Rekneark

Mi erfaring og bruk av rekneart, er retta mot mi enkle bedrift der det vart nytta til til dømes vareopptelling, omsetningsoversikt og rekneskap (noko som er særs vanleg).
I skulesamanheng har eg lite erfaring med bruk av rekneark sjølv, og såg ikkje det vart brukt i noko fag. Kva årsaka var til det, er ikkje godt å seie, har ikkje diskutert det med nokon, men kanskje det kan ha noko med at eg har vore mykje på 2. og 3. trinn, men heller ikkje på 7. årstrinnet vart det nytta.
Ifrå mi eiga erfaring er det å kunne nytte rekneark eit særs godt og viktig verkty. Difor er det også viktig at elevane får kjennskap og muligheit til å lære seg dette, for seinare bruk i dagleglivet. Som det er bestemt, skal grunnskuleelevane lære seg dette og kan få oppgåver i matematikk, innan t.d. rekneskap, lage diagram og løyse funksjonar som skal løysast med rekneark.

onsdag 24. november 2010

Plagiat - Hensyn

I oppgåveskriving og skulearbeid er det nok for fleire freistande å plagiere andre, ta "lette" løysingar å klippe frå internett o.s.v. Sjølv om det fins metodar for å avsløre plagiering er ikkje alle like gode og mange Studentar/elevar er også flinke til å sjå muligheiter for å unngå å verte avslørte. Dette ser eg ikkje er lett... Kanskje vi i skulen må jobbe mykje med haldningar og konsekvensar det har for å verte tenkne i fusk?!

Fylgjande definisjon har eg ifrå høgskulen i Bergen:

Plagiat og fusk ved oppgaveskriving, eksamen og prøver
Definisjoner1
Plagiat:    Tyveri fra andre forfatteres eller kunstneres arbeid; utilbørlig bruk av en annens åndelige eiendom.
Plagiator: Person som stjeler stoff fra andre forfattere og utgir det som sitt eget.
Fusk:        Bedrag, juks, bløff, falsum, forfalskning, svindel.
Bruk av ulovlige hjelpemidler


Hensyn eller opphavsrett og personvern er vi no inne på også. Elevane må vite kva som er lov og korleis ein kan gjere seg nytte av informasjon ein til dømes finn på nettet. Her gjeld reglane både for tekst, bilde og lyd (musikk). Vel, det er nok ikke berre elevar som skal vite dette, kanskje det ikkje er alle lærarar som forheld seg korrekt til korleis dei tek bileter av borna i skuletida heller og formidlar desse (?).  Ikkje er det alltid så enkelt å sjå kva plikter ein har alle tider, er det lett å gløyme seg??

Døme: Ein journalist kjem til skulen å skal dekke ei sak. Det har han fått tillatelse til og tek bilte av fleire born i denne samanheng. Bileta kjem i avisa og her ser foreldre som ikkje har gitt samtykke til at barnet skal verte tatt bilete av , er avbilda. Kven har ansvaret, journalisten eller læraren/rektor?

Kjelder:
http://student.hib.no/eksamen/documents/Plagiatogfuskvedoppgaveskriving.pdflasta ned 24.11.2010, 18.22

 Antvort, K (2010) Hensyn. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

fredag 19. november 2010

Tankekart - fordelar og ulemper med digital/papir bruk

Korleis kan ein nytte digitale tankekart i skulen? I praksis fikk eg erfaring i bruk av smartboard og korleis ein kunne nytte t.d. tankekart. Det eg såg var at elevane var veldig  engasjert og fikk emne godt visualisert.
Tankekart kan ein nytte i alle alderstrinn, slik eg ser det, og med digital bruk er det lett å legge til bilde for å understreke ord og betydning.
Her har eg så vidt starta på eit tankekart.

søndag 14. november 2010

Til våre nye gode naboar!

Her har eg jobba med innflyttingskort til våre nye naboar, som har flytta inn i nytt hus! Bileta har eg redigert i Picasa og sett saman i ein fotomontasje, i rutemønster mosaikk.
Kjempekjekt - ej fe det til!!
Posted by Picasa