Ein mediegenerasjon
"Mediebruk inngår i mange ulike sosiale sammenhenger, både i fritid i familien og blant venner og i skolearbeidet" (Tønnesen, 2007:14). Med dette sitatet kan vi refletere over om mediebruken har særleg innverknad på born og unge. Kan det til dømes føre til meir vold, mobbing eller rett og slett gi auka læring? Det er gjort fleire undersøkingar og svara er ikkje eintydige, det er fleire ting som spelar inn. Stikkord kan her vere korleis teksta vert oppfatta. kva bilete eller film som vert synt, om det er skurk eller helt og kva kanal teksten vert formidla gjennom. Tønnesen viser til eksempel som om vi held oss oppdatert med nyheiter frå nett, TV eller aviser. Det er fleire ting som spelar inn.
Mediebruken til born og unge er det også særs vanskeleg å måle i dag. Dette fordi dei omgir seg til dagleg med ei mengd kombinasjonsmoglegheiter av medier. Via Internett kan dei med anna sjå TV, sjekke epost, vere på Facebook og chatte om ein nyttar mobiltelefon eller datamaskin. Dette mangfaldet av medielandskapet gjer det også særs vanskeleg å måle/undersøke kor mykje tid som vert nytta på medier. Ikkje er det heller godt å seie kva meining dei unge finn med sin mediebruk. Tønnesen grip fatt i denne problemstillinga og ser på kor vidt mediebruken er meingsstyrte aktivitetar, surfing på nett etter noko morosamt eller rein nyskjerrigheit. Samhandlinga mellom dei unge og mediane er med på å forme kva nytte ein får av denne bruken, om det er som einskild eller gruppe.
Gode rutinar og handlingar må jobbast med, og skulen/lærarane har ei særs viktig og forpliktande rolle i denne læringsprosessen.
I eit arbeidskrav hadde vi dette som fokus, korleis born og unge brukar digitale verky og sosiale medier for auka læring. Her produserte vi eit scenarie som syner korleis ein kan gjere seg nytte av ulike medier i ein læringssistuasjon. Her var det to tenkte klasser som oppretta kontakt gjennom sine
heimesider og som var laga med Google Nettsider. Elevane får her nytte sin nyskjerringheit og auka sin kompetanse innan sosiale medier i eit varierande undervisningsopplegg med eit prosjekt som dette.
Sjølv med ein oppveksande mediegenerasjon, er det naudsynt med meir kunnskap og god rettleiing i bruk av digitalt verkty og sosiale medier i skulen. Dette er det kunnskapsminister Kristin Hallvorsen snakkar om når ho seier vi må ha ein kulare skule. Det betyr at vi må ta ibruk dei verkemidla vi har og som elevane kjenner seg att i. Det er igjen med på å gi dei meiningsfull læring og ei variert undervisning og som gir motivasjon for læring.
"Hovsethaugen"
Her har eg starta på ein informasjonsplakat tenkt plassert på Hovsethaugen. For ordensskyld vil eg nemne at Hovsethaugen er ein ynda stad å besøke både for barnehagar og skule på dei lågaste trinna. Men med lærarar som ikkje er kjende i området, vert ofte lokale stadar gitt nye namn og gjort historielause.
Dersom vi kan gjere denne arbeidsprosessen i ein læringssituasjon, vil elevane her jobbe med samansette tekstar, tileigne seg digitalkompetanse og lokalhistorie.
Eg har gjort meg nytte av Google Earth, jobba i Comic life og lagt til hensiktsmessig tekst. Her er fortsatt mykje redigeringsarbeid og tilleggsopplysningar som må gjerast. Med Geotagging, geografiske bildeplasseringar, gir dette bileta meirverdi og ein flott dokumentasjon.
Dette er spennande og kjekt verkty å jobbe med også for elevar (i deira digitale verd).
___________________________________________________________________________
kjelde: Tønnesen, Elise Seip (2007):
Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge. Universitetsforlaget