lørdag 22. januar 2011

Sosial web

Av alle ulike nettsamfunn som finnast, har eg meldt meg inn i Facebook, Youtube og Del og Bruk. Andre å velje mellom kan eg nemne Twitter, MaSpace, blink og LinkedIn. 
Nettsamfunna eller også kalla sosiale medier/nettverkstjenester, vert av Brandtzæg og Luders definert som "medier som muliggjør brukerskapt innhold, samskaping og innholdsdeling i sosiale nettverk." (leksjon sosial web). 


Definisjonar høyres gjerne flott ut, men korleis vert verkeleg dei ulike aktivitatane i sosiale medier utført og kva med personvernet?


Dersom eg ser på personvernet fyrst, ser eg at både Facebook og Del og Bruk har innstillingar der ein kan velje kven som kan få tilgang til profilen og som gjer det tryggare for den einskilde og tek i større grad vare på deira personlege opplysningar. Youtube har ein funksjon der ein kan stenge for tilbakemeldingar/kommentarar og vising av videoar. Personvernet er den store utfordringa for nettsamfunna. Det er til dømes særs lett å legge ut bilete og film av andre utan godkjenning. I ein artikkel i Sunnmørsposten 22. januar i år, oppmoda her PP-rådgjevar Morten Jahren foreldre å vere merksame på borna sin bruk og kor viktig det er at foreldra har kontroll og kan vere med å lære borna kva køyrereglar som gjeld. Kjempeviktig at det vert sett fokus på dette for at både foreldre og born skal lære og forstå kva konsekvensar uvettug bruk kan ha for framtida.


Kva vert nettsamfunna nytta til?


I ein kartlegging av TNS Gallup, syner det seg at omlag halvparten av aktivitane er å leite etter informasjon om venner, sjekke andre sine profilar eller skrive meldingar eller kommentere. Det syner seg også at det er lav terskel for å legge inn kommentarar og innlegg som ikkje alltid er like passande. Det betyr at ein lett kan verte utsett for mobbing og lite kjekke meldingar. Ein kan då spørje seg om slike nettsamfunn kan ha noko for seg i skulesamanheng. Korleis kan skulen gjere seg nytte av nettsamfunn? Youtube og Del og Bruk er kanskje ikkje dei mest eigna media for å opprette klasseforum. Youtube gir moglegheiter for å kunne lage og dele videoar med omverda, til dømes med prosjektarbeid. Dette er heilt i elevane si verd og som kan motivere til fagleg utvikling og jobbe med oppgåver. Her finn elevane filmar etter ynskje og kan lett sjå instruksjonar og verte inspirerte av andre. Del og Bruk er eit diskusjonsforum for pedagogar. Her kan ein dele, auke og nytte si digitale kompetanse og dele erfaringar med andre lærarar. Det kan fungere som ein reiskap for læarar til nytte for elevane. Som på Facebook kan ein chatte med vener og andre medlemmer som har opne profilar. 


Facebook har særs mange medlemmer. Her kan ein vere på nettprat både offline og online. Det er lett å dele bilete/videoar og arrangement og opprette ulike grupper. Ein kan vel seie at omlag alle elevar, frå ungdomskulealder, er på facebook. Dette kan nok vere ei utfordring for skulen. Men er det ikkje då like greit å spela på lag med borna og opprette klasseforum? Eg vil tru elevane vil vere meir delaktige og lettare for ein lærar å nå fram med sine meldingar. Det kan vere eit forum for elevar der dei kan kome med forslag til aktivitatar i undervisninga. Slike forum kan også for ein del elevar vere eit gjennombrot for å seie si meining då det er mindre skummelt å ta del i diskusjonar her. Det er skriftleg og ein har god tid til å tenke seg om.


Korleis kan ein få god undervisning utan at elevane vert freista til å koble seg på nettet og ikkje gjere det dei skal? Dette med danning , korleis oppføre seg på nettet, er også ei utfordring og ein viktig jobb i skulen. Sonja Gangstad, avdelingsleiar ved Latinskulen i Ålesund, har i ein artikkel i Sunnmørsposten teke opp problemstillinga bruk av Facebook. Her seier ho noko om ukultur med bruken av facebook og korleis skulen har teke grep. Det interessante er å sjå at Facebook kan nyttast til faglege sider som også syner til viktige lenker som elevane kan jobbe med utanfor skuletida.


Å nytte ulike sosiale medier, som Facebook og Youtube, kan skape variasjon i undervisninga og purre nyskjerrigheita til elevane, som igjen kan gi inspirasjon og motivasjon for læring. 


Del og Bruk kan gi den same inspirasjonen for lærarane, gi nye idear til undervisningsopplegg, arbeidsoppgåver og temaer. Som vi var einige om i basisgruppa vår, bør vi som lærarar henge med i elevane sin kvardag og kva dei er interessert i. Ja for vil vi ikkje lettare nå dei då og få dei med å gi dei meirkunnskap?


Som ei øvingsoppgåve til denne lesjonen, har vi i hatt ei gruppe oppgåve der vi har teke føre oss tre nettsamfunn i ein gruppewiki. Her har vi samanlikna verkemiddel og funksjonar i dei tre nettsamfunna.